Victor flytter fra Beograd for å jobbe i Haptiq

Selskapet vart oppretta i januar 2018, og hadde sitt utspring i MOX interaktive. Med på laget har dei fleire erfarne og høgt kompetente personar, mellom dei Chester Laquian frå Florø. Haptiq har sitt utspring frå spelbransjen og satsar tungt på interaktiv 3D-teknologi. No har dei auka staben til 14 personar. Det nyaste tilskotet til stammen er serbiske Viktor Ardeljan. Han flyttar med kona frå Beograd til Florø.

– Vi er strålande nøgde med å få Viktor Ardeljan på plass i Florø, der utviklingsteamet no jobbar på fleire store prosjekt. Tilsettinga er heilt i tråd med det som har vore planen for fjoråret, seier dagleg leiar Ståle Lund-Andersen til Firdaposten.

Frå oppstarten i januar har Haptiq vakse frå tre til fjorten personar, og har i den same tidsperioden omsett for tre gonger så mykje som dei sette som mål ved oppstarten. Selskapet signerte kundekontraktar for nærare 7 millionar kroner i løpet av 2018. Målet var 2 millionar.

– Det er ein prestasjon vi er stolte av. No riggar vi Haptiq for 2019 og bygger eit fantastisk team som er klare for å ta unna den stadig aukande etterspurnaden etter større prosjekt. Vi skal vere i internasjonal toppklasse og levere premium løysningar. Då er vi heilt nøydde til å hente kompetanse også frå ein internasjonalt marknad, og har lykkast med å rekruttere Ardeljan gjennom nettverket vårt ute i Europa. Det at ein av hans kaliber flyttar til Norge – og Florø – for å jobbe for oss, er eit teikn på at vi er attraktive med dei spennande og utfordrande prosjekta vi har i ordreboka, seier Lund-Andersen.

Ardeljan kastar seg no over eit prestisjeprosjekt som Haptiq gjer for Helse Vest Førde, der ein gjennom interaktiv 3D-simulasjon og eit verktøy vil kunne ha stor innverknad på mange menneske sin kvardag. I tillegg vil han vere ei viktig brikke i eit prosjekt Haptiq gjer for ein kunde i Oslo. Lund-Andersen vil ikkje gå ut med detaljar før det blir lansert, men det er ifølge han eit prosjekt som kjem til å vekke oppsikt langt utanfor Norges grenser.

Av prosjekt Haptiq jobbar eller har jobba med er mellom anna ein digital tvilling av det nye World Ocean-bygget Røkke ønsker å bygge på Fornebu. Dei jobbar også med å lage ein digital visningsby for ABC Hus, der potensielle kundar på nettlesaren kan vandre rundt i nabolaget for å sjå på hus. Så har dei laga ein digital visning av korleis det gamle Shell-bygget i Oslo kjem til å sjå ut etter at det blir restaurert. I tillegg skal dei i år i gang med prosjekt innan helsesektoren, kultur, retail og industri.